4. sep. 2024

Damplokomotivtur







Åt ein lunsj på ein kafé i Alresford før me traska oss litt vidare. Såg koselege hus med høge stokkroser, og det var hyggeleg å titte inn i butikkvindauga (det var sundag og få butikkar var opne), og eg stakk innom ein liten kafé som også hadde konfekt. Tihi, sjå den søte dørstopparen, eg smilte godt av den ;) Kjøpte nokre sjokoladebitar for å ha med oss til vertshuset der me skulle overnatte.
 



Nokre av turane med Watercress Line, går med damplokomotiv, og på veg tilbake til Alton fekk me oppleve det. Litt kult å sjå korleis det lempa kol inn i fyrrommet, og interiøret i togkupeen var endå eldre enn den på veg til Alresford – akkurat slik me liker det når me ute på veterantogvift.




Skal innrømme at det humpa og skumpa litt, men det var berre sjarmerande. Me køyrde forbi eit par små, søte togstasjonar med blomar i alle fargar og fasongar før me plutseleg var tilbake til Alton.

Legg igjen ein fin tanke