11. sep. 2024

French Horn i Alton




Jada, eg veit at det blir ein del hopping fram og tilbake i tid, men eg ønskjer å dele meir frå togturen vår. Ein tur det er veldig kjekt å sjå tilbake på no når hausten er her med regntunge dagar. Etter å ha vore på damplokomotivtur tur-retur Alton-Alresford, var det å finne fram til overnattingsplassen. French Horn er ein gastropub med sengeplass og ligg litt utanfor bykjernen (men veldig nært vårt neste stopp, eit ekte, litterært stopp), og me tok difor ein lokalbuss ut dit. Ein veldig okei plass med koseleg rom og ein liten hage der me drakk kaffi, åt noko søtt attåt og las i kvar vår bok (og utpå kvelden smakte me så vidt på den gode konfekten som eg kjøpte i Alresford). Ei due over hustaket, og ettermiddagssola som skein inn gjennom døra og laga skuggespel på veggen, ein roleg plass.









Resten av kvelden var utan planar. Middag måtte me, så me traska inn mot sentrum. Før me var framme, gjekk me innom ein park, og der sat me ei lita stund og las ved ein paviljong. Ordentleg avslappande å berre sitje der i ettermiddagssola og berre lese side etter side. Kom oss ti slutt vidare. Som her i landet, er ikkje alt ope på ein sundag, eller så har dei har kortare opningstid, så den plassen me hadde sett oss ut med tanke på middag, var allereie stengd. Fann ein annan plass like ved der det blei ein god pizza. Etterpå gjekk me berre litt rundt og såg på byen. Lyset om kvelden altså, sukk. Blomar ved eit gjerde, blomar i blomekasse på husveggen, små hagegnomar og figurar og den generelt koselege, britiske stilen – kunne fint ha hatt ein heil dag i Alton.

Legg igjen ein fin tanke