29. sep. 2024

Historier som er rørande, viktige, artige og herlege




Hyttedugnad i godt lag i går, superroleg dag her heime medan det regna ute. Trass at det også regna litt i går, fekk me alle tatt i eit tak utanfor hytta med vedhogst, busk- og trefelling og litt smårydding. Drog opp rett etter frukost og var der til nesten halv ti om kvelden. Pizza til middag, og så fekk me spelt eit nytt spel, noko som alltid er artig! Var greitt å komme heim i går kveld og sove i eiga seng, særskilt fordi han der fine er forkjøla og då er det aller best å vere heime. Når det gjeld jobb, kom det eske på eske på eske med varer som me skulle prise og få ut på borda og hyllene i butikken. Eg skal innrømme at det har vore vanskeleg å komme à jour denne veka med alle dei eskene. Men å gå til jobb i haustsola skal eg ikkje klage på, fleire bøker å leggje til lesehaugen min og dagar med flott morgonlys. September har sånn sett vore fin. Trur ikkje eg har så mykje anna å fortelje:
 
Tranene flyr mot sør er ei rørande hjartevarm bok om einsemd og om det å bli eldre
septemberkveldar med nydeleg solnedgang over hustaka
som tårene rann under dei siste førtifem minutta av Morricone-dokumentaren
bra sider frå Sunnmøre 
tysdagsformiddag med kaffi, ei orkesterbok og orkesternotar
ta bussen til jobb på fredag og lese medan morgonsola skein inn gjennom vindauget
"Top 10 Maggie Smith Moments"Downton Abbey og HP-filmane, ho var både kul og dyktig!
eg trur Trist tiger av Neige Sinno blir ståande som den viktigaste boka eg les i år
morgonlyset ved jobben rett etter at eg hadde sett frå meg sykkelen
sjå førre vekes episode av Eventyrlig oppussing der dei var på finaste Hitra  
alltid like søtt når ein hund og ein liten katt er bestevenar
Renbergs nyaste bok, Lorden, var artig, rett og slett ein fryd å lese!
tihi, ein søt, liten pandakjeks som me hadde etter lunsjen i går
gøy å få eit gjensyn med Brontë-huset i denne vloggen frå Miranda
gå til jobb i starten av veka
høyre "Cavatina", hovudtemaet frå Hjortejegeren, på radioen ein morgon
haustbenk ved Mosvatnet
tenk å finne slike steinslipte glasbrot i alle regnbogens fargar
gråvêr ved Moslivatnet, men me fekk gjort unna det me skulle før regnet kom for alvor
ein av karakterane blei for dramatisk for min smak, men kjekt å lese tredje Hedgehog Hollow-bok
rakk også å lese og spele eit nytt spel i går då me var på hytta

Legg igjen ein fin tanke