10. sep. 2024

Ettermiddag blant alle bøkene i Tvedestrand

Gammal skrivemaskin, ei vindeltrapp full av bøker, Alexandre Dumas-bøker i eit vinduage, boktittelen Vi som koker eletrisk (defintivt frå ei anna tid) og ei herleg retromlampe i taket. På veg til musikalen i Oslo, la me inn eit stopp i Tvedestrand for å stikke innom bokbyen. Fekk tatt eit besøk hos Locus Antikvariat, Nynorsk antikvariat, Ex Libris og Bokhuset Tvedestrand. Sistnemnde skal berre forsetje med sal av bøker på nett, men butikken var open då me var innom. På døra inn til Nynorsk Antikvariat, såg eg eit skilt eg småhumra av: at dei også har bøker på bokmål ;)





Ein fredagsettermiddag i september er jo utanom sesongen, så det var ikkje mange personar me møtte, men Tvedestrand i haustsola var likevel veldig fin (og kven kan seie "nei" til antikvariat?!). Koseleg å sjå ei Herriot-bok, fleire Nancy Drew-bøker, eit par bøker frå Stompa-serien og Kenneth Grahames Det suser i sivet. Me kom litt seint i gong med leigebilen om morgonen grunna trøbbel med bankterminalen, så då me var ferdige med å sjå oss omkring blant alle bøkene, var det på tide med middag. Fann ein grei plass, åt ein enkel pasta carbonara, og sidan var det vidare austover.

Legg igjen ein fin tanke