1. sep. 2024

Sommar også etter august




Årets fyrste haustdag. Eg veit ikkje heilt kva eg synest om det, ville så gjerne ha seinsommar litt lenger. Om ikkje anna, har denne dagen vore som ein ekte sommardag med temperatur opp mot tjue gradar. Fint var det også i går, men då var eg inne sidan eg hadde jobblaurdag. Herleg å starte veka med fri, og då eg skulle på jobb på onsdag, tok eg føtene fatt i staden for sykkelen. Alltid kjekt å møte kjentfolk i butikken og ha tid til å slå av ein prat. Godt å kjenne sola skine inn i heimen vår og vite at eg har ein haug med gode bøker som ligg og ventar på meg, både no og gjennom hausten. Gode bøker har eg også i lista under, i tillegg til lenkjer og andre kjekke ting (og tang):
 
lesesundag, både inne og ute
sokkar som matcha boka, likte godt å lese bok nr. to i Hedgehog Hollow-serien av Jessica Redland
blir aldri lei å lese bøker om bøker, slik som Found in a Bookshop av Stephanie Butland
august har mellom anna lesing i den botaniske hagen
knallflott bilete av fascinerande Falkirk Wheel i Skottland
minispasertur der eg fekk auge på regntunge blad på eit tre
strikke medan me såg litt på ein film 
høyre "I Know Him So Well" frå Chess på radioen ein morgon
1975-versjonen av The Secret Garden er akkurat passe nostalgisk (og veldig BBC)
prate med ei god veninne på telefonen medan eg gjekk til jobb
vanskeleg å sjå på biletet, men den aller fyrste Mummiboka startar ein dag seint i august
sidan eg nyleg las Sense and Sensibility, var det kjekt å sjå og høyre denne vlogepisoden
Claire Keegan kan det der med å skrive små, korte historier som likevel rommar mykje
ei av dei vakraste leseopplevingane i år: The Offing av Benjamin Myers
blomar om kvelden, så mange vakre kveldsbilete inne hos Ei blå stugu
Sara Miller London har så mange flotte fargar og mønster på koppar, pennar, notisbøker med meir
alle endene ved Mosvatnet, takksam kvar dag for at dette er min jobbveg
tihi, eg veit eg ofte deler kattevideoar, men eg må det også denne veka fordi dei er så skjønne
balkonglesing om kveldande dei siste dagane, med lyslykter og godt selskap
smakte ypperleg med laurdagstaco etter jobb i går
varm solnedgang over naboblokka

Legg igjen ein fin tanke