2. sep. 2024

Tilbake til framtida




Interrailturens andre musikal, blei altså Back to the Future på Adelphi Theatre. Men før det, fann me vegen tilbake til hotellet etter å ha vore fleire timar i Kew Gardens. Var ikkje der så lenge før me nok ein gong var ute på nye eventyr. Stor stas å stikke innom tre bokhandlar på veg til middagen, og det er sant at i ein bokbutikk vil ein bokelskar alltid vere blant vennar. Og lukta av gamle bøker i ein annan butikk, ei eiga glede. Lo litt for meg sjølv då eg såg "Taming of the shrew" på ein vegg; komedien av Shakespeare blei nemleg nemnt fleire gongar kvelden før då me såg Kiss Me, Kate. Sidan me hadde greitt med tid, åt me dessert etter middagen. Og så kveldens høgdepunkt, nemleg musikalen Back to the Future som er basert på den kjente filmen med same namn. Me visste ikkje heilt kva me skulle forvente, men gurimalla, me storkoste oss! Sidan me begge kjenner historia, var me spente på korleis den ville vere som musikal. Heilt herleg 50- og 80-talsnostalgi med musikk som passa perfekt inn i tidsepokane, knallbra rolleprestasjonar og råtøffe visuelle effektar! Publikum var heilt med, det var latter, applaus og jubling gjennom heile forestillinga, og bilen, joda, den flaug til slutt! For meg trur eg dette må vere ei av dei beste musikalopplevingane nokonsinne!

Legg igjen ein fin tanke