4. sep. 2024

Watercress Line







Musikal nummer to var ferdig, og dagen etter hagebesøket og ei kjempeoppleving i teateret, drog me sørover, nærmare bestemt til Alton. Frå London til Alton er det under halvannan time med tog, og det var ein tur der me eigentleg berre las. Vel framme på Alton stasjon drassa me med oss bagasjen over til ein annan perrong der eit museumstog stod og venta. Dei er gode på museumsjernbaner i England, og mellom Alton og Alresford går Watercress Line. Linja opna i 1865, og både på stasjonen og inne i toget er det detaljar frå ei mykje eldre tid, sånn som er akkurat passe sjarmerande.
 




I Alresford hadde me ikkje ein særskilt plan, men stasjonsområdet var i seg sjølv verd å ta turen for. Den grøne, lille brua, murbygget som også var stajonsbygget, blomekasser, ein knallraud telefonkiosk, vimplar, fleire fine benkar og generelt ei flott stemning. Ordentleg gjennomført stil!

Legg igjen ein fin tanke