8. sep. 2024

Musikalhelg med bokbybesøk og alpakkavandring




Kor skal ein starte etter ei helg som denne?! Eg veit ikkje, for på desse få dagane har me fått sett og opplevd så mykje, og det utan å stresse for å nå både det eine og det andre. Så altfor mange bilete på kameraet, så eg får nok porsjonere ut litt etter litt, akkurat slik eg gjer med alle bileta frå interrailturen ;) Kort fortalt: billettane til Jesus Christ Superstar blei tinga i desember i fjor, så den har stått på planen lenge. Til jul i fjor fekk eg gåvekort frå mannen min på glamping og alpakkavandring i Telemark, og sidan det ikkje låg altfor mange timar utanfor Oslo, slo me to fluger i ein smekk. Rakk også ein tur innom bokbyen Tvedestrand på veg austover, rett og slett litt av ei helg! Jobba måndag til torsdag og hadde fri på fredag. Heilt greie jobbdagar (litt styr med ein reklamasjon), kjekt å vere i gong med orkestersesongen, mykje lesing – både på balkongen og på tur – og sidan ei minnerik helg. Skal prøve å leggje oss no, men ikkje lett etter ei slik veke:
 
lesestund på hotellet på fredag og i det store teltet i går kveld, han og eg med kvar vår gode bok
supergøy å gjenlese The Duchess of Bloomsbury Street av Helene Hanff
kveldshimmelen då eg kom heim frå seinvakta på torsdag
sykle i T-skjorte utan jakke ein av dagane 
litt artig konsept å eventuelt lese dei ti fyrste Penguin-bøkene 
frukost i det fri i dag tidleg
grøftekantsbukett i nabolaget 
to veldig ulike, men flotte overnattingar i helga
kjempenusseleg pus og store regndropar
veit ikje heilt om eg likte Colgans bok, men eg likte lundefuglen Neil som var med i boka
solskin på hotellet på veg til jobb 
og sjå ein sommarfugl langs jobbvegen
fallhøgda var stor, men Jesus Christ Superstar svarte til forventingane! 
når ein hund og ein liten katt er glade i kvarandre
stikke innom Bogstadveien på bilfri dag før musikalen i går, mykje liv og røre
alle bøkene dei har i Tvedestrand
gøy å spele med orkesteret igjen :)
balkonglesing ute om kveldane
filmversjonen av Sense and Sensibility frå 1995, er så ordentleg fin 
kjem ikkje over solnedgangen me opplevde fredagskveld på veg til hotellet
Gilbert og eg på tur, alpakka er ålreite (og supersøte) dyr
fall veldig for Clementine og Iwan i boka The Seven Year Slip av Ashley Poston

Legg igjen ein fin tanke