18. sep. 2024

Jane Austen's House





Grunnen til at me valde å bu litt utanfor sjølve bykjernen av Alton då me var der i juli, var dette: Jane Austen's House. Det ligg i Chawton, omtrent ein halvtimes gåtur frå sentrum. Me kunne ha tatt bussen, men då måtte me ha kryssa ein større veg. Ved å bu på gastropuben French Horn, var det berre femten minutt å gå og me kunne lett gå under vegen via ein undergang. Utpå dagen skulle me vidare til Cambridge, så me hadde tinga billettar til opningstid, altså klokka ti om morgonen. Stod opp, åt ein god frukost og tok på oss regnjakkene, for ute var det faktisk litt yr i lufta. Koseleg, liten spasertur langs små gater, og undergangen var pynta med sitat frå Austens bøker.
 





I dette huset budde forfattaren dei siste åra av sitt liv, frå 1809 til 1817. Eit av dei fyrste romma ein kjem til (etter å ha registrert billettane, fått litt info og fått auge på ei eselvogn), er kjøkkenet. Det låg i eit eiga rom, utan tilknytning til dei andre romma, slik me er vande me no til dags. Antakeleg var det fordi det rauk såpass mykje av kjøkkenpipa. Martha Lloyd, ein familieven, skreiv ei lita bok full av oppskrifter, og mange av arka låg rundt på kjøkkenbordet. Å, alle detaljane ved museet!






I salongen var tapetet på veggen noko av det fyrste eg såg. Fragment av det gamle tapetet blei oppdaga i 1940, og ekspertar har med nøye hand rekonstruert og laga eit nytt tapet på gamlemåten. Ja, ein kan til og med få tak i ei utgåve av Pride and Prejudice med dette mønsteret på bokomslaget. Neste rom var spisestova med ein annan, nydeleg tapet, og det å sjå skrivebordet til Jane, skal eg innrømme var stor stas. Gjett om eg tok fleire bilete frå huset, bilete som kjem i neste togturpost.

Legg igjen ein fin tanke