14. juli 2023

Stort smil i smaragdgrøn topp


Kjenner du igjen fargen og garnet? Det stemmer nok, for i fjor haust strikka eg ein Markatopp med akkurat dette garnet. Men sjølv om eg prøvde å fikse litt på flaggermuserma, var eg liksom aldri hundre prosent nøgd. Etter ein del fram og tilbake, starta eg eg til slutt å rekkje opp toppen, og fann fram oppskrifta på Collett Tee frå Witre Design; eg har jo tidlegare strikka ein jeansblå versjon av denne T-skjorta i det same garnet. Fargen er heilt nydeleg, garnet er jo favorittgarnet (Markagarn frå Oslo Mikrospinneri), og eg er strålande nøgd med ein smaragdgrøn Collett Tee! 💚

Legg igjen ein fin tanke