5. juli 2023

Berre litt kvardag




Kvardagsglimt frå dei siste vekene. Katten som eg av og til møtte på min veg til jobb. Litt skeptisk og samstundes ganske så søt. Å lese spalta som Tønes skriv for Dag og Tid kvar veke, herlege kvardagstankar og undringar om alt frå tyttebærsyltetøy til kveldsangst. "Av og til er det berre så vidt eg får av meg kleda og tumla meg i seng før eg sloknar. Men somme kveldar ligg eg vaken med tankane. Har eg hugsa det eg må hugse? Og kva er det eg må hugse? Utruleg nok sovnar eg til slutt." Orda og vendingane hans, det er som å høyre han syngje. Eit rosa hus mot eit grønt tre, lange skuggar ein solskinsdag og stort smil i ei T-skjorte eg nyleg kjøpte brukt. Å gå på bruktfunnjakt er alltid like artig, til og med sjølv om ein ikkje finn noko. Og det var det, den fyrste onsdagen i juli.

Legg igjen ein fin tanke