27. juli 2023

Frå Göteborg til ein dag i Stockholm




Sit i stova hos svigers akkurat no. Tysdag køyrde me heile vegen opp til Sjøholt frå Stavanger, og det gjekk overraskande greitt å ta heile turen i eitt. I går slappa me av medan me i dag var ein tur ute på Devoldfabrikken. Ville berre innom for å seie "hei" og for å leggje ut neste togturinnlegg. Som nemnt overnatta me i Göteborg, og dagen etter tok me toget til Stockholm. Planen var eigentleg å berre ha nokre timar i hovudstaden for så å ta ferja over til Helsinki, men det var ikkje fleire billettar igjen den dagen. Dimed hadde me plutseleg ein ekstra dag i Sverige. La null planar, men Stockholm er ein superfin by, og det var kjekt å berre gå rundt og sjå. Aller fyrst to bilete frå togstasjonen i Göteborg. Blå himmel og lysegrøne enger mellom dei to byane, og plutseleg var me framme ved neste togstasjon. Å, så mange flotte bygg i Stockholm, kanskje spesielt i finaste Gamla Stan.




Nok eit koseleg hotellrom (Hotel Hornsgatan) ikkje så langt unna marknaden på Hornstull. Stakk ein svipptur innom marknaden. Førre gong fann eg grøne og fine øyredobbar. Eg fann ikkje noko denne gongen, men likevel kjekt å berre gå og sjå. God kaffi og litt lesing blei det også tid til ;)


Traska litt rundt, og oppe på ein haug fekk me kjempegod utsikt over byen, eit lite postkort frå Stockholm. Ei veninne av meg var visst i Stockholm akkurat samstundes med oss, og me åt god is og prata i lag og tok sidan middag saman. Kjempekoseleg! Og T-banestasjonane har alle kvar sin stil, noko i alle fall eg synest er ordentleg kult. Mystisk stemning på Rådhuset og fargerike fliser ved T-Centralen, veldig forskjellig stil, men innmari stilig syn langt under bakkenivå!

Legg igjen ein fin tanke