23. juli 2023

Mest Åland, litt heime




Viss du lurer på kvifor det har vore litt stille her denne veka, er det fordi me har vore på togtur. Dei førre blogginnlegga hadde eg publisert på førehand, men eg hadde ikkje så mykje å skrive om at eg laga så veldig mange. To veker på togtur til Finland (ferje frå Sverige), og me var også nokre dagar på finaste Åland. Som vanleg når me har vore ferie, blir det tatt mange bilete (tihi, kanskje for mange), og eg tenkjer eg deler litt etter litt. Skal til svigers i veka som kjem, det går med andre ord slag i slag, men eg ønskjer ikkje å stresse med å leggje ut. Til dømes blir denne sundagslista berre ei liste for akkurat denne veka sjølv om me har opplevd mykje, mykje meir – det hadde blitt vanskeleg å velje ut nokre få ting frå to veker på tur! Kom heim i går kveld, i dag har me vaska klede og prøvd å lande. Trur eg har klart å finne fram nokre av høgdepunkta for denne veka i juli:
 
er alltid like kjekt å lese ein Poirot-bok, og i juli las eg Solen var vitne
togvindaugelandskap på turen mellom Sverige og Noreg
gå rundt i Mariehamn, fika og berre ta det med ro
songen "All Things Bright and Beautiful" (James Herriot henta boktittelinspo frå nettopp denne)
balkonglesing i løpet av dagen
detaljane inne på kaféen Svarta katten
alle lesestundane me har hatt: på tog, ferje, kafé, hotell, gästhem, buss og i park
heilt nydelege morgonbilete med tåke og det heile frå Danmark inne hos Niina
skjønn kanin ute på Lilla holmen 
knallgod sitronbombekake på den nemnde kaféen 
gleder meg veldig til sesong to av Good Omens som kjem om berre nokre dagar
i ein QI-episode blir både Fozzie Bear og Ole Brumm nemnt, og me har sett dei begge på ekte!
hoppebilete foran bibliotek i Mariehamn
å overnatte hos svoger med familie på veg heim, og i same slengen få helse på ein finfin katt 
finne flott brukskunst på butikkar ute på landet på Åland
✦  "Top 10 Best Broadway Revivals" – koser meg stadig like mykje med slike lister 
sove i vår eiga seng igjen etter to veker på farten 
ikkje at me er veldig båtfan, men eg likte godt stilen på ferja mellom Turku og Mariehamn
sjøfartsmuseet på Åland var vel verd eit besøk
to kaninar, ein snill hund og ein søt undulat, det er litt av ein gjeng 
solnedgangen på vår siste kveld på Åland
lese ute i den store, flotte hagen ved Granbergs gästhem, der fann me verkeleg roa
kaffi og noko søtt attåt og den artige og kjekke togboka Around the World in 80 Trains

Legg igjen ein fin tanke