10. juli 2023

Musikalsk duo



Markéta Irglová og Glen Hansard. Begge musikarar eg fyrst høyrde då eg såg filmen Once ein gong for mange år sidan. Etter at filmen kom ut i 2007, vann dei Oscar for beste song ("Falling Slowly") og sidan danna dei bandet The Swell Season. Begge har dei gitt ut album som soloartistar, og dei har eg ståande i bokhylla. Men som band er det over ti år sidan dei har laga musikk i lag, og difor er det ekstra stas å høyre songen "The Answer Is Yes" som nyleg blei publisert. Stemmene deira kvar for seg er som balsam for sjela, begge to dyktige låtskrivarar og når dei då lagar musikk i lag... eg kan høyre på denne songen om og om igjen. Håper på meir musikk frå denne duoen :)

Legg igjen ein fin tanke