2. juli 2023

Siste arbeidsveke på Vitenfabrikken




Avslutning på jobb på måndag, var heime hos ho eine frå jobb på tysdag i lag med tre andre (kjempekjekke folk som inviterte til ein miniavslutningskveld), og sidan siste jobbdag på fredag. Rart det der, kor fort tida har gått. Akkurat no er ting litt i det blå, eg har ikkje landa heilt enno og det heile er uvant. Men det er no sommar og eg skal prøve å senke skuldrene. I alle fall innimellom. Til dømes var eg ute og åt på Døgnvill i lag med mannen min og broremann på torsdag, og etterpå såg me Asteroid City, den nyaste Wes Anderson-filmen, på kino. For ein fest av ein film! Og i går blei det laurdagstaco heime på Sola i lag med mamma, pappa, broremann, pantertante, onkel og kjærasten hans. Balto og Zalo var jo også med så klart ;) Sundagen har vore roleg, kjente at eg var litt gåen i hovudet. Strikking med eit favorittgarn, prøvde å planleggje ein ferie, kaffi og balkonglesing. Før me legg oss, vil eg lese litt meir, så her kjem ein haug med bra saker frå siste veke i juni:

den var litt sukkersøt, men eg likte Bokhandelen ved bredden av Themsen (bøker om bøker, altså)
alltid gøy å høyre "Superstar" frå den kulaste musikalen på radioen om morgonen
blå Marimekko-serviettar, god mat, mykje latter og prat i lag med nokre herlege folk frå jobb
eit siste Tesla coil-show 
fargerike LEGO-blomar hos ho veninna mi eg var heime hos på tysdag
fleire prideflagg som nokon hadde laga på LEGO-veggen, blir varm om hjartet av sånt
stilig retro sykkelreklame i den nyopna Øglænd-utstillinga på Vitenfabrikken
og apropos sykkel og Øglænd: her er ei sak om DBS og ein el-sykkel frå 1998
avslutning på jobb der det blei både kake og blomar
sundagskjensle med bok, kaffi og chilisjokolade frå Lysefjorden sjokolade 
skuggespel inne på kjøkkenet om morgonane
boka A Little Bit Country av Brian D. Kennedy var akkurat passe søt om musikk og skeiv kjærleik 
fleire gode filmtips i samband med juni og pridemånaden
gurimalla, eg storkoste meg då me torsdagskveld såg Asteroid City på kino! 
moro å fortsetje å sjå den fyrste sesongen av Good Omens medan me venter på andre sesong
strikke vidare på ein kjekk topp
brasskoralen frå Mahlers andre symfoni, femte sats, er berre utruleg vakker – høyr her og her
gul sommarkjole i det grøne graset
laurdagstaco heime hos mamma og pappa i lag med fleire andre fine folk
diktsamlinga Hus med sjel og soge er ei nydeleg og litt trist bok om forlatte hus og minne

Legg igjen ein fin tanke