Buss for tog mellom Kr.sand og Oslo heile sommaren, dimed var det ikkje så mykje togvindaugeutsikt å skryte av. Men eg knipsa no likevel to bilete med mobilen på veg mellom Stavanger og Kr.sand. For sjølv om eg har sett den same utsikta mange gongar før, er det noko eiga ved kjensla av å sjå landskapet suse forbi, forandre seg. Vel framme i Oslo åt me middag på ein restaurant i Østbanehallen. Hadde god tid før neste etappe, målet for dagen var Göteborg.
Fyrste bilete over grensa: eit lite, raudt hus. Kanskje ein stuga som dei seier på svensk. Etter kvart dukka kveldssola opp, magisk og gyllent lys medan me stadig nærma oss endestasjonen. Kom fram til Göteborg i halv ti-tida, fann raskt hotellet, sjekka inn og prøvde å leggje oss til å sove (altså, sjekk den fine tapeten inne på hotellrommet). Tretten timar på reisefot var vel gjennomført.
Legg igjen ein fin tanke