7. juli 2023

Kjære Jærbanen






Jærbanen, fram og tilbake fem dagar i veka. Eg kjem til å sakne denne lille turen. Lesestunden på veg til jobb, og på veg heim igjen. Utsikta med soloppgangar og solnedgangar over fjorden. Dei dagane det faktisk var heilt stille i stillevogna. Sola som skein inn på boka eg las, eller dropane som rann nedover togvindauget ein grå og regnfull dag. Eit lite friminutt på kjære Jærbanen.

Legg igjen ein fin tanke