2. apr. 2023

Bok frå ein favorittforfattar og vårblomar både med og utan snø




Palmesundag og for mange er påskeferien i gong. For vår del skal me jobbe i år, altså i morgon, tysdag og halve onsdag. Sidan blir det vel hytta og litt påskeferie for oss også. Hos oss på Vitenfabrikken har me merka at det nærma seg påska; det har generelt vore færre arrangement og klassebesøk. Eg har hatt fleire vakter i resepsjonen enn vanleg, men det er ei avveksling eg liker. Veka starta forøvrig med personalsamling ute på Garborgsenteret. Berre halv orkesterøving på tysdag, men det var ei bra økt der me øvde på eit stykke av Grieg. Kan ikkje seie me gjorde så mykje i går, derimot blei det ein sundag med litt bakstetid, husarbeid og ein kjempebra tur i Sandnes der me og broremann gjekk opp til ein nut med sola i ryggen og litt vind på toppen. Fyrste lista i april:
 
Robert Seethaler har gjort det igjen: Siste sats er ein roman av få ord som likevel rommar så mykje
morgonlyset ein av dagane då eg sat på toget på veg til jobb
ete knallgod middag på restauranten Pasha i Langgata i Sandnes
Beatrix Potter sitt hus på Hill Top og Lake District i ein episode av Great Canal Journeys
alltid fin leseutsikt på toget langs Jærbanen 
te- og lesestund med eit lite baklavastykke på deling 
laurdagspizzaen som han og eg laga i går, var heilt topp (og litt artig å sjå på Alle mot 1)
"Top 10 Funniest Broadway Songs"  – mellom anna med songar frå Hamilton og Avenue Q
"Å lesa er å reise ut og å koma fram" (Helge Torvund, sett på ein vegg på Time bibliotek)
stilige og fargerike inne på Garborgsenteret og Time bibliotek
rydde og tørke støv i ein del av den store bokhylla me har i stova vår
mitt fyrste møte med diktaren Emily Dickinson, vakkert omslag og fann boka brukt i Oslo
prikkete skuggespel frå sollyset på golvet rett under planetariet 
både vårlys og flotte sommarminne inne hos Ei blå stugu
akkurat passe sundagstur opp til Åslandsnuten i herleg vêr 
byrje å sjå påskekrim på NRK Nett-TV, Hendelser ved vann er fyrst ut
min Eira Sweater i ein nydeleg bondeblå farge 
ler høgt av denne artige sketsjen frå Manndag
slappe av med mykje strikking og lesing no i helga
krokusane i nærleiken av jobben, helst utan snø slik det var på tysdag, men fine er dei uansett
sundagsmorgon med kaffi i ein fin kopp, liten sjokoladebit og å lese i ei kjekk bok

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Vi satt helt forvirra etter første episode av Hendelser ved vann, men den var skikkelig spennende!

Silje sa...

Måtte småhumre litt då eg las kommentaren, for eg skjønner godt kva du meiner: det var litt sånn kven, kva og kor til å byrje med ;) Men gleder meg til å sjå ferdig og få svar på mysteriet!

Legg igjen ein fin tanke