Stemma til Markéta Irglová er for meg som balsam for sjela. Melodiane i lag med tekstene, å høyre ho syng songane ho sjølv har komponert, eg blir roleg innvendig. "Happy" er ein song der ho verkeleg får fram ei kjensle, ei kjensle av det å vere glad, ha det godt og vere i balanse. Innimellom går eg og nynnar på denne melodien, ein melodi eg blir ordentleg glad av å høyre.
Legg igjen ein fin tanke