3. apr. 2023

Så smått litt påskestemning


Inne på kjøkkenet. For min del er det som sagt ikkje heilt påskeferie enno, men kjekt med påskeliljer og eit stort påskeegg frå jobben. Begge står no på kjøkkenbenken, og me berre måtte tjuvstarte i helga med å ete eit par bitar frå påskeegget, tihi. Fint vêr på denne kanten i dag, dimed var det også veldig roleg på jobb. Ser på påskekrim no, og snart blir det vel å lese noko påskekrim før eg sovnar.

Legg igjen ein fin tanke