4. apr. 2023

Åslandsnuten




Rett etter frukosten sundagsmorgon, bakte mannen min scones medan eg fekk unnagjort litt husarbeid. Ikkje lenge etter, smurde me sconesane med litt lemon curd og clotted cream, pakka dei ned i sekken saman med kaffi på termos. For ut på tur bar det. Henta broremann og køyrde så ut til Figgjo i Sandnes. Parkerte ved gamle Figgjo stasjon, gjekk langs vegen eit lite stykke før me til slutt fann stien opp mot Åslandsnuten. Ikkje den lengste turen, men noko bratt var det og ingen av oss takka nei til eit par scones og kaffi vel oppe på toppen. Bra med utsikt der oppe, 302 moh.


Gav broren min kameraet slik at han kunne ta bilete av mannen min og meg oppe i høgda. Tihi, veit ikkje alltid om min betre halvdel er like gira, men han blei no med, både frå ein vinkel og frå ein annan då lyset ikkje var det beste der me stod fyrst. På veg ned tok me ein litt annan veg, og eg kom ikkje langt før eg måtte stoppe og prøve å fange speilinga av himmelen i dammen.






Restar etter Ålgårdbanen. Skilt og togskjener frå ei annan tid, banen blei nedlagd for trettifem år sidan. Vil varmt anbefale ein tur med tandemdresin der ute, ei anna oppleving enn det ein kanskje gjer til vanleg. Kjekke timar på årets palmesundag, med ypperleg mat, selskap og sundagsturvêr!

Legg igjen ein fin tanke