9. apr. 2023

Bowling på ein onsdag, påske på hytta dei neste dagane




Påske både på jobb, her heime og ikkje minst på hytta. Sidan vêret var såpass bra som det var måndag og tysdag, var det ikkje stappfullt med folk på Vitenfabrikken dei dagane eg jobba. Heilt greitt å ha det litt roleg, for eg skal ærleg innrømme at eg på ein måte allereie hadde tatt påskeferie, tihi. Kjekt med bowling på bursdagen min, og på torsdag etter "Påskelabyrinten", stakk me opp til hytta. Varierande vêr, men me sat ute på terrassen ei stund i går. Godt å kjenne sola i andletet, for heile torsdagen blåste det mykje og i dag var det grått på himmelen. Skal likevel ikkje klage, for me har lese og slappa av, spelt kjekke spel og ete god mat. Strikketøyet har aldri vore langt unna, det har heller ikkje Balto eller Zalo vore. Og kvar kveld blei det nokre rundar med quiz. Fri i morgon også, tenkjer det blir litt husarbeid og elles få planar. Lita sundagsliste på tampen av fyrste påskedag:
 
starte dagane på hytta med litt kaffi, strikketøy, solskin, påskeegg og "Påskelabyrinten"
Ia Genbergs Detaljene var ei bra og annleis leseoppleving
kviskreleiken med fiolinar, TwoSetViolin slår til igjen
frå jobben fekk eg både fine påskeliljer og eit stort påskeegg 
spennande med påskekrimmen Hendelser ved vann, og no er eg i gong med Vera
stolt av min tidlegare kollega som verkeleg brenn for dyrking og kjøkkenhage
spele bowling i lag med mannen min og broremann på bursdagen min  
plutseleg høyre "One Night in Bangkok" frå Chess med Murray Head på radioen
årets fyrste balkonglesing  
alle dei fine meldingane eg fekk på dagen min, takksam for alle saman
nokon hadde skrive påskepynta LEGO-veggen på jobb ;)
teste ut "Hint", det nye brettspelet eg fekk til bursdagen min, og det var supergøy!
fjør blant all mosen då eg gjekk meg ein minitur på fredag 
å teikne med lys i forskjellige fargar, sjekk ut denne stilige blomeanimasjonen av Darren Pearson
måneskinet over vatnet ein av kveldane på hytta
Zalo var heilt med då me høyrde "Påskelabyrinten" på radio 
ser ut til at CTE garnfargeri i Sandnes har mykje flott og fargerikt garn
kjekke dagar på jobb sjølv om eg allereie var i påskeferiemodus
påskemorgon med kaffi, mjukt pledd og kaffi i ein favorittkopp
lese Spring Tides at the Starfish Café, bok nummer to om Hollie og Jake

Legg igjen ein fin tanke