31. mars 2023

Eira Sweater




Bondeblå draum. Denne genseren, Eira Sweater design av Novemberknits, brukte eg laaang tid på å få ferdig. Kjøpte garnet på Rauma fabrikkutsal sommaren 2021, byrja fyrst på den i fjor og brukte fleire månadar for å få den heilt ferdig. For den er strikka på små pinnar, og eg skal innrømme at då mistar eg tolmodet litt innimellom. Men eg elskar ribbemønsteret (tre rette, to vrange) som går på langs både langs erma og sjølve bolen. Genseren er strikka i lamullsgarn og mohair, begge delar frå Rauma garn, og fargane er lys bondeblå og bondeblå. Sidan den ikkje er strikka i garntypane som opprinneleg står i oppskrifta, var eg påpasseleg med å dobbeltsjekke strikkefastheita. Eg enda med å gå ned ein pinnestorleik og også strikke genseren i small, og x-small etter å ha raglanauka. Likevel blei genseren ganske vid. Det kjem ikkje så godt fram på bileta, for når eg står heilt vanleg, heng den veldig fint på kroppen. Så sjølv om den blei vid, er det ein kjempefin genser i ein kanonflott blåfarge!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Nydelig genser i en helt nydelig farge! Det begynner å bli en stund siden jeg strikket et plagg, og den genseren din fikk meg til å tenke på om jeg burde starte et nytt strikkeprosjekt. Kanskje jeg skal ta med meg pannebåndet jeg startet på for lenge siden, til neste episode av påskekrimmen! Ønsker deg en herlig påske :)

Silje sa...

Å, tusen takk, fine deg, Anna! Som sagt, denne tok lang tid å få ferdig, men altså, fargen og ribbemønsteret er kanonvakkert! Sit faktisk her i stova og har den på meg akkurat no ;) Strikking er ein ordentelg avslappa og kjekk hobby, og eg trur pannebandstrikk og påskekrim er ein god kombinasjon :D God påske til deg og dine også! :D

Legg igjen ein fin tanke