19. apr. 2023

Øyrepyntdilla




Trur eigentleg tittelen seier det meste ;) Som eg skreiv i dette innlegget tidlegare i år, er det litt ekstra gøy å pynte meg med øyredobbar i glade fargar etter fleire år i svømmehallen med klorvatn og det heile. Angélica León er ein favorittsmykkedesignar for min del: ho lagar dei kulaste smykka med taguanøtt som materiale. Mange kallar ofte taguanøtta for vegansk elfenbein fordi strukturen og kjensla kan likne på vanleg elfenbein (som ein absolutt ikkje skal leite etter, verken i smykke eller andre ting). Då eg var i Oslo med veninna mi i mars, fann eg to heilt nydelege øyredobbpar designa av León, det grøne hadde eg sikla på lenge medan det burgunderraude paret berre fall eg pladask for. På Skaperverket Oslo fann eg også eit stilig øyredobbpar i keramikk frå Teigenkeramikk. Men no kan eg vel kanskje seie at eg har nok fargerike øyredobbar å velje mellom, eller kva?! ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Jeg elsker sånne retro smykker. Og disse er utrolige fine og unike! Egentlig så er sånn naturlig "fake"-elfenben skikkelig deilig å ta på. Får nesten lyst til å gå innom Skaperverket Oslo en tur, bare for å kjenne på de.

Silje sa...

Heilt sidan eg kjøpte eit armband av taguanøtt på Gotland i 2019, har dette vore eit favorittmateriale når det gjeld smykke. Og eg berre diggar designet og motiva til Angélica León. Stikk innom Skaperverket eller butikken til Nasjonalmuseet, der har dei også eit bra utval :D

Legg igjen ein fin tanke