10. apr. 2023

Hyttepåskas uteliv


Vårblå himmel over vatnet om dagen, lysande måneskin over det same vatnet på kveldstid. Joda, som eg skreiv i går, blåste det mykje på torsdag og det var grått i går frå me stod opp til me reiste, men sola dukka no opp ein del timar likevel. Ute på terrassen åt me restar etter bursdagskaka, nokon sat i solveggen, eg las og traska meg også ein bitteliten tur med Balto på lur.


Nokon drog på joggetur i solskinet på fredag, eg tok med meg ei bok og sitjeunderlag i sekken og byrja å gå i terrenget bak hytta. I området er det nokså kupert og få stiar, dimed gjekk eg ikkje så veldig langt. Fann meg ein stein, naut sola i andletet, las i krimboka og senka skuldrene. Titta på den mjuke mosen i fleire variantar og såg ei lita fjør ståande midt i alt det mjuke. Stille stund bak hytta.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Åh, disse bildene! Det er som om jeg sitter der i mosen med deg :)

Silje sa...

Veldig kjekt å høyre, Anna! For det er noko med det å klare å fange stemninga slik at også andre kan vere der :)

Legg igjen ein fin tanke