22. mars 2023

Aust og vest på den same bana


Onsdag og midt i arbeidsveka, i morgon er det torsdag og etter det helg. Sjølv om eg tar toget kvar dag til og frå jobb, skulle eg gjerne ha tatt fleire lengre togturar, for eg synest det er så fint å berre sitje i eit togsete og titte ut av vindauget. På veg til Oslo var det fyrst gjennom det jærske landskapet medan eg strikka eit par omgangar. Små bergknausar og eit lite raudt hus fauk plutseleg forbi. Sola skein heile turen til det byrja å mørkne og eg fekk oppleve ein magisk togtur i solnedgang.




Jo lengre aust toget køyrde, jo meir snø blei det. Små islagde vatn med spor av snø oppå, og større enger fulle av det mjuke, kvite teppet. Blå himmel og herleg dagslys. På veg heim sundagsformiddag, hadde eg kjøpt med meg ein god cappuccino frå Espresso House og koste meg med den. Sola skein også vestover, fleire sider blei lesne og eg var glad for å ha tid til å slappe av, høyre på alle songane frå Så som i himmelen og sidan komme heim til middag og den finaste mannen.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Jeg håper du får flere langturer også. Så nydelige utsikter! Jeg blir så glad av de tog-tur innleggene dine. Enten det er kort pendlervei eller denne turen til Oslo. De minner meg om pendlertilværelsen da jeg bodde i Bergen og hadde kjæreste i Oslo for mange år siden. Det er noe helt spesielt med å ta toget denne lange strekninga. Det er så fredelig å sitte og kikke ut på alt det fine rundt en, å lese en bok, høre på musikk, strikke litt eller bare ta seg en lur.

Silje sa...

Allereie i mai skal me ut på den same strekninga sidan me då skal i konfirmasjon :) Tog har for meg over dei siste fem-seks åra verkeleg blitt ein plass der eg kan slappe av og berre vere. Helst utan for mykje høglydt prat eller musikk frå andre, det skal eg innrømme. Men å berre sitje i togsetet og sjå ut, nyte utsikta og landskapet som fyk forbi, det er så fint, det!

Legg igjen ein fin tanke