12. mars 2023

Dobbeltbursdag inne, ein haug med snø ute




Kan ikkje seie at eg blei så veldig glad då det kom meir snø fredag og endå meir i går. Sukk, eg trudde våren var komme no, sånn på ekte. Regnet skal komme i morgon, så eg skal slutte å klage. Og resten av denne veka har vore superfin med strålande sol frå morgon til kveld. Mindre travelt på jobb sidan ferien var over, men nokre av dagane var det full rulle med skuleklassar, sjakkturnering og det eine med det andre. Eg har høyrt på musikken frå Så som i himmelen (tihi, inga overrasking), og ein av dagane medan eg stod og demonterte LEGO, høyrde eg på songane frå sceneversjonen av musikalen Moulin Rouge. For den kjem som nemnt til Oslo no i haust. Elles var me på Sola i går for å feire pappa og pantertante som begge nettopp har hatt bursdag. Eit søskenbarn var det også, og det blei taco, kake, latter og spel. Strikking og lesing har stått på dagens agenda i tillegg til ein tur innom ein liten butikk med mange flotte teakmøblar. Skal ha ei lita skive heimebakt brød no før me snart skal gå og leggje oss. Ønskjer deg ei fin veke, avrundar med ein haug kjekke ting og tang:
 
siste bok i Fremmedsteds-trilogien er ferdiglesen, og dette er ein så herleg serie!
sundag med mykje lesetid 
energi og godt humør av vårsola som skein dei aller fleste av kvardagane
for nokre vakre omslag på desse klassikarane frå Wordsworth
høyre SSO spele musikk komponert av Ravel, og det var ganske tøft då koret stemte i
grønt er skjønt på jobb: heimestrikka kjole og nye øyredobbar frå Angélica León
lyset om morgonen på alle bygga eg går forbi 
rar og annleis leseoppleving med Stakkar av Matias Faldbakken
dobbeltbursdag = dobbelt med kake! ;) 
musikalmusikk både på jobb og her heime
"Fint i februar" – sollys og skjønnaste pusen inne hos Et katteliv
framleis like varm om hjartet når eg ser alle snøklokkene
morgonar med pastellhimmel 
ny sesong av Grantchester på NRK Nett-TV
alltid like søtt når ein liten katt er ven med ein mykje større hund 
hente ny bok på biblioteket og byrje å lese i den
skuggespel på eit fargerikt golv 
kul musikk og like kul stepping i denne videoen frå musikalen Anything Goes
Stitch frå Lilo og Stitch på LEGO-veggen på jobb
og ikkje berre blei det kake i går: kjempegøy å spele "Imagine", og det blei mykje latter
lesing på toget med den nydelegaste soloppgangen rett utanfor vindauget

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Å, det må være så rart med snø når du har vårblomster som dukker opp rundt omkring. Her kom det plutselig masse snø i dag, men nå krysser jeg fingrene for at værmeldinga stemmer og at det blir 7 varmegrader neste uke. For noen nydelige bokomslag du linker til ❦ Ønsker det en herlig uke!

Silje sa...

Heldigvis var mykje av snøen borte i dag når regnet kom, og på veg til jobb såg eg jaggu meg nokre vårblomar igjen :) Vil ønskje deg også ei flott veke! :D

Legg igjen ein fin tanke