1. mars 2023

Morgon- og kveldssola




Soloppgang langs fjorden og solnedgang ved Mosvatnet. Dei siste dagane i februar. For her i byen har det vore kaldt og finvêr i det siste, og på veg til jobb om morgonane har eg nesten (men berre nesten) sett meir ut av vindauget enn det eg har lese. Morgonsola som speglar seg i fjorden. Og så sola som går ned ved Mosvatnet, berre ein liten spasertur frå heimen vår. Varmt, gyllent lys både morgon og kveld, på veg til jobb eller langs ein gåtur, det er sånt som set gullkant på kvardagen.

Legg igjen ein fin tanke