5. mars 2023

Vinterferie med travle dagar, hint av nordlys og musikalhelg




Vil prøve å vere effektiv slik at eg ikkje sit her heile kvelden, men det er jaggu meg ikkje enkelt å oppsummere ei veke som har romma så mykje forskjellig som det denne har! Nordlysjakt (eg fekk sjå det for fyrste gong!), halvtravle dagar på jobben sidan det var vinterferie i byen, togtur langs Sørlandsbanen og ei helg i Oslo med ei av mine beste veninner. Puh, som du sikkert skjønner har dagane gått i eitt. Ute har det vore kanonbra vêr, og eg har sett vakre soloppgangar på veg til jobb fleire av morgonane. Høgdepunktet, i tillegg til nordlyset, var å sjå musikalen Så som i himmelen på Oslo Nye Teater i går; tårene rann om kapp med latteren også denne gongen! Mykje sol også i hovudstaden, så me (ho eg var på tur med og eg) traska rundt i byen, hadde god tid og storkoste oss ved å gå i gatene i lag. Kjem fleire bilete både frå helga og frå nordlysjakta, men eg må ta ein sletterunde, og fyrst er det jo på tide å publisere ei sundagsliste, akkurat slik som denne:

lese Rainbow Rowells novellesamling Scattered Showers
sol, blå himmel og fint landskap langs Sørlandsbanen på veg til Oslo
morgonlyset og pastellgylne skyar
både småtravelt og kjekt å jobbe i vinterferien i lag med vertane og med fleire forskjellige show
"Desibeldustane" – så himla bra skrive om alle dei som tar private samtalar over høgtalaren 
ordentleg varm solstråle over Mosvatnet ein siste vinterkveld
snøklokker i fleng
å få oppleve nordlyset rett i nabolaget, litt av ei oppleving ein måndagskveld
traske rundt i Oslo i det fantastiske finvêret
hotellfrukost i lag med ho eg var på tur med
artig å vere på taket på jobb og prøve å sjå solflekkar
å kile ein liten kattunge som Haru
strikketid langs togskjenene (blei også mykje lesetud om du lurte)
musikalen Så som i himmelen, eg trur eg kunne sett den igjen og igjen og igjen!
og så klart har eg høyrt albumet fleire gongar medan eg sat på toget 
når me fyrst er inne på musikalar: trur me må få med oss Moulin Rouge på Chateau Neuf i haust
å kjøpe desse grøne øyredobbane på Nasjonalmuseet, designa av Angélica León
å ha dei vakraste vårblomane i ein like vakker vase
herleg feelgood å lese Norah Goes Off Script, ein ordentleg romantisk komedie 
soloppgangane langs Jærbanen heile denne veka
komme heim til god blomkålgrateng og sjå Kongen befaler i lag med verdas finaste mann

Legg igjen ein fin tanke