3. mars 2023

Heddas gård 2.0




For snaue to år sidan, opna to gode venar av oss - han eine var ein av mine nærmaste kollegaer på gamlejobben - ein liten minikafé og gardsutsal ved låven på tomta der dei bur. Etter kvart har dette blitt eit lite samlingspunkt på Hundvåg, særskilt for dei som er ute og går sundagstur sidan garden ligg rett ved ein større tursti. Nyleg opna dei opp ein større kafé inne på låven, og eg veit dei jobba nesten døgnet rundt ein god månad for å få dette i land. Og sjå kor flott og koseleg det er blitt!




Retrostil med fleire bruktfunn, den same, gode kafématen med kaffi, donuts eller kanskje ein kanelsnurr. Gløymde å ta bilete av borda, men det er plass til mange fleire no med bord inne i kaféen i tillegg til uteplassane dei allereie hadde. Ein kan kjøpe med seg finfine vertsgåver, syltetøy, kaffi og mykje meir. For dei som er hageinteresserte, finn ein også hageredskap, krukker og blomar. Ute kan du helse på hønene eller kaninane, berre sjå kor søt den me fekk halde er! Så ja, på denne fredagen vil eg berre få anbefale denne koseleg plassen kor du kan ta deg ein god pust i bakken.

Legg igjen ein fin tanke