4. nov. 2022

Kaffigodt på engelsk vis




Heimelaga scones med heimelaga clotted cream, dette blei kjempegodt! I går var me på besøk hos eit venepar og eg hadde sagt at me kunne ta med noko kaffigodt. Både mannen min og eg har hatt lyst til å prøve å lage scones med clotted cream etter å ha smakt det då me var i England i sommar. Clotted cream er kort fortalt kremfløte som blir steikt i ildfast form på åtti gradar i ti-tolv timar. Sidan skal den kjølne og etterpå skal den stå over natta i kjøleskapet. I botn vil det vere ein tynn saus, den kan ein bruke til å bake med, men det er den tjukke delen som ligg i forma som er sjølve kremen. I sconesane putta me litt tranebær, og vips, kaffigodt klar til å serverast. Syltetøyet er ikkje heimelaga, men me fann eit par små glas hos Rostrup Kaffi i Sandnes, og dei passa ypperleg. Venane våre syntest også dette smakte godt, og me koste oss, drakk kaffi og prata i nesten fire timar.

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Scones tenkte jeg å lage veldig snart også! Disse så jo nydelige ut. Er det en oppskrift du vil anbefale?

Silje sa...

Blei veldig nøgde med desse sconesane kor oppskrifta er henta frå matprat.no (fine scones, putta på bittelitt sukker og heiv oppi tranebær). Enkle og kjempegode! :)

Anna sa...

Takk for tipset!

Legg igjen ein fin tanke