20. mai 2022

Gul kake, grønt gras og eit flagg i raudt, kvitt og blått 🇳🇴





For ei knallgod mangokake! Eller mangopai som den heiter i oppskrifta frå Det søte liv. Eg laga kaka etter jobb på måndag, og så pynta me den tysdag før me skulle bort til venane våre. Vår 17. mai starta med ein god frukost, kaffi og lesing og sidan korpsmusikk, både rett utanfor blokka og på TV-en (gardemusikken). Etter rolege timar, var det på med finstasen. Som vanleg blei det tid til fotografering, like gøy kvart år å svinge med bunadsskjørtet! Koseleg var det også at ein tilfeldig turgåar spurde om han skulle ta eit bilete av oss to, er jo ikkje så ofte at me er så fint pynta!
 


Litt over tolv traska me bort til veneparet som atter ein gong hadde invitert ein fin gjeng til å feire dagen i lag. Det blei jo ikkje feiring der i fjor på grunn av pandemien, men dei fleste føregåande åra er det hos dei me har vore. Kjekt å vere sosial og det var mykje artig prat. Og så mykje god mat og kake (eg digga foccaciaen!), verkeleg noko for ein kvar smak. Verka som om mangokaka fall i smak, og mannen min fekk mykje skryt då han dagen etter hadde med kakerestar på jobben ;)




Heimehekla 17. mai-pynt, herleg detalj som i alle fall eg likte ekstra godt. Som for to år sidan, blei det eit par rundar med (det me kallar) plendart. Me lo høgt, for det var vel ingen av oss som var noko særskilt gode, men moro var det lell. Før klokka var fem, traska me heim igjen, glade og nøgde etter ein akkurat passeleg feiring. Lot det gå eit par timar før me åt heimelaga pasta carbonara til middag – det er visst blitt vår syttandemaimiddag. Morgonskift = tidleg til sengs etter ein bra dag.

Legg igjen ein fin tanke