✦ feire nyttårsaftan med den beste gjengen
✦ danse eit par valsetrinn i stova
✦ at det blir ein sesong to av den britiske krimserien Broadchurch
✦ nydeleg papirklippekunst
✦ tenk å få eit så fint sjal i julegave av ei kjempegod veninne. Ja, det var nettopp det som skjedde på julaftan; for ei gåve og tusen takk, du veit kven du er ;)
✦ ha eit av våre fine venepar på besøk
✦ "Around the clock on an Advent Sunday" – fine bilete og kjekt innlegg hos Et dryss kanel
✦ fortsetje med å lese Harry Potter-bøkene
✦ stilig tapet på eit enkelt kjøkken
✦ at me neste helg sit på toget på veg til Oslo for å besøke kjente og for å sjå Billy Elliot
✦ desse tipsa skal eg prøve å hugse på til neste nyttårsfeiring
✦ ete nybakt brød med gulost på
✦ søt kattunge med garnnøste, ein mammakatt som passar på kattungen sin og sengetid for ein søt, liten hamster
✦ orkesterøving på tysdag
✦ "Det er tid for å rusle" – eit innlegg om lykke og stress som dei fleste bør lese
✦ fortsetje å sjå gamle filmar (40-, 50- og 60-talet), og i går var det den vittige On the Town. Og eg seier "ja" til meir stepping og "showstoppere" i filmar no til dags!
Legg igjen ein fin tanke