29. mai 2022

Pastelltonar både her og der


Travel helg med mange badegjestar – på fredag då me opna klokka tre var det nærmare 180 personar inne i hallen i løpet av ein time! Mykje støy og innimellom må me gi beskjed til dei som ikkje oppfører seg, men likevel er det veldig gøy å sjå at det er så mange som vil komme og svømme (eller bade) hos oss. Særskilt etter to år med lite aktivitet. Ein fridag midt i veka var veldig greitt, og eg las og strikka mykje. Gjorde det i byrjinga av veka også då eg hadde turnusfri, for det er noko med å lade batteria når eg kan. Det same med å starte kvar morgon, også før jobben no i helga, med å lese og drikke ein ekstra kopp med god kaffi. Medan eg har strikka, har eg kost meg med Grantchester, og det var kjekt med orkesterøving på tysdag. Før eg tar kvelden, må eg berre få gratulere mamma og pappa som feirar rubinbryllaup i dag – glad i dykk! Sundagsliste med mykje bra rett under:

gøy å lese The Duchess of Bloomsbury Street, oppfølgjaren til 84, Charing Cross Road
her er dagen då den bittelille skjønnaste pusen blei redda, og sjå her kor glad den er no
bli hekta på den britiske krimserien Grantchester (britane kan det der med å lage krimseriar)
og sjå Kit Connor, ei av hovudrollene i Heartstopper, i ein episode av nettopp Grantchester
starte kvar dag med lesing og ein kopp kaffi
byrje å sjå Harry Palmer (eller The Ipcress File) i lag med han der fine
fascinerande "reisevideo": 100 forskjellige reisesnuttar laga med animasjon
klagar ikkje på å ha heimelaga is til dessert
bileta til Niina er like stemningsfulle i kvart innlegg ho postar
ha nokre fredagsmakronar i pastellfargar på lur
artig med ein sau som var nysgjerrig på nokre knalloransje sko
rosa konfetti på bakken
kontrasten mellom den raude stolen og ein enkel kopp med kaffi
trur Marble Sweater kjem til å bli ordentleg stilig
filmplakat midt i Sandnes sentrum, som eg elskar Cinema Paradiso
smiler av å sjå gamle Hollywood-stjerner som dansar til "Wake Me Up Before You Go-Go"
fredagsbukett på jobb i herlege pastelltonar
Susan Abulhawas Morgen i Jenin er ei tøff og samstundes god bok om krigen i Palestina
Synnes flotte og kjekke helgetur til London, herleg med litt reiseinspo
vegetartaco og kultfilmen Labyrinth med David Bowie
prate med ein badegjest som opprinneleg er frå Newfoundland aust i Canada, ikkje langt frå PEI

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Kjekke søndagsliste! Likte også å lesa om Synne sin Londontur. Og Cinema Paradiso er ein favoritt hos meg også. Takk for tips om Grantchester. Chelsea detective er ikkje verst, den heller. Cilla

Silje sa...

Blir like rørt kvar gong eg ser sluttscena i "Cinema Paradiso"! Britisk krim er den aller beste, så kanskje må eg sjå "Chelsea Detective" også ;)

Legg igjen ein fin tanke