9. mai 2022

Ut togvindauget to seine aprildagar


To dagar i april, dei to siste faktisk. I eit togsete på veg til Oslo, og sidan på veg tilbake igjen. Fredag for halvanna veke sidan tok eg morgontoget til hovudstaden, og sjølv om eg hadde med meg nok bøker å lese, blei eg lenge sitjande og berre sjå ut vindauget. Blikkstille vatn og blå himmel, det flate, jærske landskapet. For meg er det noko meditativt å la landskapet fyke forbi saman med tankane.
 



Heim igjen. Toget gjekk halv to frå Oslo S, og nok ein gong måtte eg stadig titte ut. Robåtar og koselege hytter ved eit vatn. Las ein god del også, men då me byrja å nærme oss Jæren, blei det til at eg for det meste naut synet av landskapet. For eg fekk oppleve ein mjuk solnedgang over markene, over togskjenene og over fjorden. Å reise på denne måten, å ha god tid. Eg finn roa. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå, så vakkert! Og jeg elsker å reise med tog. Som deg finner jeg også roen, og nyter synet av alt det fine som man suser forbi ♥ Også har vi jo ikke tog nordpå. Så det er på en måte litt eksotisk for oss ;)

Silje sa...

Tihi, skjønner kva du meiner med at det på ein måte er litt eksotisk når ein bur lengre nord ;) Og ja, det var vakkert dei to dagane då eg var ein svipptur tur-retur Oslo ♥

Legg igjen ein fin tanke