3. mai 2022

Tjuetre timar i Oslo saman med fine folk


Sidan eg berre skulle vere i Oslo eit snaut døgn, ønskte eg å reise lett, og eg tok difor ikkje med meg verken systemkameraet eller speilrefleksen. Litt rart å reise utan "ordentleg" kamera, men det gjekk no greitt å berre bruke mobilen. Så her kjem ein liten haug med mobilbilete frå min lille helgetur. Kaffi og bok på toget medan landskapet fauk forbi, eg lot tankane fare og hadde det riktig så bra. Togturen gjekk ganske fort, og vel framme i Oslo fann eg raskt fram til hotellet – måtte humre litt for meg sjølv då eg såg kor stort rommet var, for det var jo berre meg som skulle overnatte der (veninna mi og søstera hennar overnatta på eit anna hotell, men der var det fullt). Fekk så vidt tid til å skifte før eg møtte veninna mi. Saman traska me til Sørengkaia der me åt ein knallgod middag på Castello. Og så høgdepunktet: Hans Zimmer-konsert i Telenor Arena. Låta "House Atreides" frå Dune som opningsnummer, filmen Zimmer vann sin andre Oscar for, inga overrasking at tårene byrja å renne. Trøkk med musikk frå mellom anna Man of Steel og Pirates of the Caribbean, sidan nydeleg vokal med musikk frå Gladiatoren blei spelt, Inception som ekstranummer og tårene rann nok ein gong då musikken frå sjølvaste Løvenes konge endeleg ljoma frå høgtalarane.
 



Som du sikkert skjønner var det ei utruleg konsertoppleving! Stilig at Loire Cotler var med for å syngje, det var nemleg ho som song på Dune-albumet, og ho har ein heilt unik måte å syngje på. Og at Lebo M. også var med på scena, mannen bak store delar av Løvenes konge-vokalen, var omtrent endå større! Takk for at eg fekk vere med, fine deg, Randi! Rart å ete hotellfrukosten aleine dagen etterpå, men eg hadde god tid og slappa til og med av med ei bok på senga før eg gjekk ned i resepsjonen og sjekka ut. Skulle møte veninna mi ved Stortinget, og medan eg venta, sat eg på ein benk og naut sola i andletet. Grøne blad på trea, ein knallblå himmel, eit flott hotell. Me skulle møte ei anna veninne ved kulturhuset (i same bygg som Folketeateret), for det hadde eg plutseleg funne ut at det skulle vere Strikkernes marknad den laurdagen. Fann ikkje noko garn (ikkje så lett når det er så mange folk), men veldig gøy å ta ein titt likevel. Etterpå blei det kafétur på oss, kjempekoseleg å ha eit par timar i lag med desse to finingane. Toget mitt skulle gå fem på halv to, og det rakk eg med fem minutts margin. Puh, tjuetre timar i Oslo gjekk fort. Men denne turen var absolutt verdt det! :D

Legg igjen ein fin tanke