8. mai 2022

Vanlig veke med eit svømmestemne på tampen




Inga overrasking at helga går fort når det er svømmestemne på jobb og det var mi jobbhelg. For det meste har ting rulla og gått av seg sjølv, men så klart var det litt ekstra vasking og rydding då stemnet var ferdig utpå dagen i dag. Eg kan vel ikkje seie at eg har gjort noko spesielt denne veka. To fridagar, orkesterøving, mykje lesing, mimring tilbake til Canada-turen vår og ein laurdagskveld på Sola i lage med mamma, pappa, broremann og ein onkel. God pizzasnurrvariant, kake og kaffi, latter og diskusjon om årets ESC-låtar (ikkje at me har følgt med noko særskilt, men litt artig er det no likevel). Søte lam og fine blomar ute, og viss du vil vite meir om mi veke, så les rett under:

Emily Henrys People We Me on Vacation er perfekt balkonglesing
artig at James herriot blei nemnt i ein episode av Drømmeslottet
✦  "Top 10 Ridiculous 1980s Music Videos" – det glade 80-talet, her var det mykje løye
laurdagsmiddag og knallgod sitronostekake heime på Sola
fargesterk blome
få litt frukt og noko til kaffien av dei som arrangerte svømmestemnet
solnedgangen sett frå bussvindauget på veg heim frå orkesterøvinga
små, kvite blomar på eit tre på campus
gøy å lese om Vlad og Elena i Isn't it Bromantic?, bok nummer fire om The Bromance Book Club
min nye og vårlege Shine Short Sleeve 
tilbakeblikk på ein full bokhylle på kulturhuset i Oslo
Jonnas videoar er alltid like magiske
for to dagar sidan var det nøyaktig fire år sidan eg reiste til Moncton i Canada – saknar finaste PEI
må småhumre like mykje kvar gong: "Beaten må være litt bakpå"
søtaste lamma oppe på Ullandhaug 
finne roa med strikking
råkult med ein heilt ny LEGO-arm til ein åtteåring
påskekrim er like bra året rundt, attpåtil fjorårets, og med kaffi og noko godt attåt 
ny sesong av Fader Brown ligg ute på NRK Nett-TV

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

For en kjempefin søndagsliste Silje ♥ Blir SÅ glad av de. Det skal du vite, selv om jeg har vært så dårlig på å kommentere den siste tida ;) Den kaka så veldig god ut, kattepusen i bokhaugen var så søt, Jonnas fantastiske video, masse bøker, masse feelgood. Takk for det, og takk at du deler fra kattelivet ♥ Sender deg en stooor klem og håper du får en finfin uke.

Silje sa...

Besteste Ida! Ikkje tenk på at du må kommentere, du legg igjen så mykje fint her når du har tid og krefter ♥ Kattepusen i bokhaugen var berre så sjarmerande, sender deg og dine ein like stor klem! ♥

Legg igjen ein fin tanke