10. okt. 2021

Stille stunder og travel helg



For ei travel jobbhelg! Rart å gå frå omtrent 40 til 180 personar om gongen per time inne svømmehallen – ingen tvil om at det er stor forskjell. Trur me alle kjente det på slutten av dagen i dag etter to slike dagar med tut og køyr, samstundes er det veldig godt å vere i gong igjen og kjekt å sjå at folk ønskjer å komme og bade hos oss. Nytt album frå Tønes, gode lesestunder, bra krimseriar og stor framgang på strikketøyet er vel eigentleg det som har vore på min plan denne veka. Ein lagar seg rutinar, og sånn sett kan ein del av vekene sjå nokså like ut. Men sjølv om denne veka var mykje jobb, var det som sagt stor stas med konsert førre veke, og til veka som kjem har eg tatt ut eit par feriedagar – då blir det endeleg musikal i Oslo. Meir om mi veke i ei lita liste:

✦ morgonstund med kaffi, bok og strikketøy
✦ bobla på Gamlingen frå eit anna perspektiv
✦ Mummifamilien ute på ein liten sundagspromenade – fascinerande alt det Alicia klarer å lage
✦ ny bok frå Linn Skåber og Lisa Aisato
✦ hihi, denne fine katten som liker å gi "massasje" til nokre artige grisar
✦ Tønes med nytt album, knallgode meldingar i blant anna Stavanger Aftenblad (skjermdump)
✦ gøy å sjå at sesong to av All Creatures Great and Small no er ute
✦ rå og poetisk bok frå James Noël om kjærleiken og jordskjelvet på Haiti i 2010
✦ Susanne sin bileteserie frå Edinburgh, håper å få til ei reise utanlands neste år
✦ heimelaga Oreois til dessert
✦ Disney sin nyaste film Encanto ser eigentleg ganske fin og kjekk ut
✦ sukk, fargane på haustblada som raslar i vinden
✦ "Wicked in Concert 2021" – den som kunne vore på West End eller Broadway no
✦ vemodig på ein fin måte å sjå ferdig den aller siste episoden av The Durrells
✦ ete frukost på jobb i lag med mannen min i går sidan eg måtte vere der tidleg som tilsynsvakt
✦ må småhumre av TikTok-stjerna Bjarne (95)
✦ tinge årets julekort
✦ gurimalla, Kastanjemannen på Netflix, så himla spennande (og like bra som boka)
✦ sjå så fin Esoit er, og ein kan også lese historia hans under biletet
✦ starte dei aller fleste dagane (etter frukost) med endå ein kopp kaffi og ei lesestund
✦ nei, dette er ikkje Esoit, men denne minielefanten berre heilskjønn
✦ årets "Hele Rogaland leser-bok" er Steinauge av Oda Malmin – lågmælt, fin og tøff på same tid
✦ laurdagspizza etter ein lang dag på jobb, og kjempegod hjortegryte i kveld etter ein travel jobbdag

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

FOR en fin søndagsliste Silje! Som en en godtepose full av ting å kose seg med ;) Elsker den lille katta med grisene, ble helt i hundre over at sesong av 2 av Den nye dyrlegen kommer snart, digga mummifamilien på tur og bildeserien fra Edinburgh, og jeg syns også Encanto ser så fin ut ♥ Små elefanter, Wicked in Concert, stemningsfulle bilder. Takk Silje! Jeg måtte forresten sjekke ut Tønes også. Håper du får en kjempefin uke ;) Varm klem fra kalde nord.

Silje sa...

Ida, du er den finaste og besteste, tusen takk for nok ein varm kommentar ♥ Anar ikkje når (eller om) sesong to kjem på NRK, men eg håper verkeleg det :D Bruker ofte litt tid på å samle saman og lage desse sundagslistene, men det er så verdt det når andre set slik pris på det ♥ Klemmar rett tilbake frå noko varmare sør!

Ida sa...

♥♥♥

Legg igjen ein fin tanke