11. okt. 2021

Røros med sine gamle hus i regnbogens fargar




Alle dei fargerike husa er nok ikkje like gamle, og fleire av husa er i ein meir tradisjonell tømmerstil. Uansett var det veldig koseleg å gå rundt i gatene i Røros. Hus i alle regnbogens fargar (likte godt det mosegrøne huset og det sennepsgule huset som stod tett i tett), ein antikk, liten sykkel og eit glimt av Glomma. Ikkje minst dei enorme slagghaugane etter koparproduksjonen i byen. Eit minimånelandskap. Tenk, meir enn tre hundre år med smelteverksemd. 

 

Finaste mannen! Han er som regel bak kameraet, men av og til får eg lov til å knipse eit bilete eller fem av han ;) Fekk ikkje nok av dei gamle husa, og ein plass gjekk me forbi eit lite gjenbrukssal, sånn "plukk-og-betal-sjølv"-sal. Koseleg med slike små utsal sjølv om ein ikkje alltid finn noko. Kyrkja frå 1784 er eit smykke, og det siste biletet er verkeleg eit postkort frå bergstaden Røros. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så nydelig! Har SÅ lyst å reise til Røros ;)

Silje sa...

Røros stod lenge på lista over plassar eg ville besøke, og dette er verkeleg ein fin og unik by! :D

Legg igjen ein fin tanke