29. okt. 2021

Gyllen laurdag

Sjekkar vêrmeldinga jamt og trutt, slik dei fleste av oss gjer. Meldinga for denne veka var (og er) ikkje noko å skryte av, og då eg såg det i helga, kjente eg at me måtte komme oss ut på tur ein stad medan det framleis var sol. Han fine og eg fekk med oss broremann ut til Rogaland Arboret laurdag formiddag. Kva skal eg seie?! Lyset, fargane, varmen, området, selskapet. Å, eg kjente det i heile kroppen at dette trong eg. Sollyset som varma, som fekk haustlauvet til å skinne ekstra mykje. Ein dag som ikkje var prega av gråvêr og kulde. Lyst og fargerikt overalt, ei gyllen stemning.

 

I arboretet er det mange stiar å følgje, både korte og lange, smale og breie. Me følgde ikkje ei spesiell rute, men berre gjekk rundt omkring. Stoppa fleire gongar for å nyte all den flotte naturen, og både broren min og eg var stadig framme med kameraet. Regndropane på bakken låg som små perlar på haustlauvet i alle fargar, og sola kasta lange skuggar i skogen. Ein slik laurdagstur ♥︎

Legg igjen ein fin tanke