15. okt. 2021

Hjartesukk

Midtevegs i oktober. Hausten er her. På full guffe. Er det greitt å lengte tilbake til sommaren? Sånn littegrann? Ved Kistefos var det ikkje berre skulpturane som fanga blikket mitt, det gjorde også desse fargerike blomane. Kongeblå vil alltid vere den finaste fargen. Sommarsola som forsterkar fargane sjølv om dei krev merksemd utan sola. Eit lite hjartesukk når det stadig blir mørkare, gråare og tristare. Ikkje for det, eg står for det eg har skrive om haustfargane og kor nydelege dei er. Men dei lange sommarkveldane og ein gradestokk som viser tjue gradar, eg saknar det. Energien sommaren gir. Fridagane denne veka har i alle fall gjort godt, har både fått slappa av og vore ute på ein liten biltur. Til bøkene i Tvedestrand og for musikal i Oslo. Miniferie ei veke i oktober.

1 fin tanke - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så vakkert og rørende å lese. Og jeg deler hjertesukket med deg Silje ♥ Tida har gått så fort. Jeg er ikke klar for det som kommer. For jeg både sørger over og lengter tilbake til sommeren fortsatt. Sender deg en varm klem ♥

Legg igjen ein fin tanke