5. okt. 2021

Og endå meir frå Kistefos



Ser du at eg prøver å hoppe på det eine biletet? Teiknestiftane som dannar "Tumbling Tacks"  er jaggu meg enorme, og eg ser jo ut som ei lita fluge der eg strekker arma i vêret. Ein kjenner seg ganske liten når mange av skulpturane og installasjonane er såpass store. Inne på den gamle tremassefabrikken var det "Hesten" av Kristin Günther som fascinerte; denne må ein oppleve for å kjenne på det litt mystiske. Spegelkunst, ein stor, Nupen-blå vase, ein prikkete blekksprut og ein stor ball på toppen av ein liten haug var andre detaljar som fekk oss til å stoppe opp. Eg er sikker på at me kunne ha vore der endå nokre timar, men dei skulle stenge for dagen då me gjekk rett rundt fem. Viss du køyrer forbi Jevnaker, vil eg varmt anbefale både Hadeland Glassverk og Kistefos.

Legg igjen ein fin tanke