3. okt. 2021

Så godt som normale dagar



Joda, eg burde sikkert ha vore vand med å stå opp grytidleg etter å ha jobba i svømmehallen såpass lenge, men nope – eg er ikkje eit A-menneske og dimed kjennest morgonskiftet omtrent like tungt ut kvar gong. Men dei aller fleste morgonane har vore fine med temperatur nærmare femten gradar då klokka viste ti over seks. Så godt å ha ope som normalt for publikum, noko me ikkje har hatt sidan 12. mars i fjor. Etter jobb på måndag, var me inne på nettsida til Sheldrick Wildlife Trust for å adoptere ein elefant. Altså, så klart kan ein ikkje få med seg ein elefant heim, men ein støttar på denne måten ein organisasjon som hjelper ville dyr, mange av dei foreldrelause. For tolv år sidan (!), var eg i Kenya med folkehøgskulen der me faktisk besøkte organisasjonen. Hugsar enno alle dei søte elefantungane som fekk mat og hjelp av dei som jobbar der; eit flott syn. Og så er elefantar ordentlieg sjarmerande :) Sist, men ikkje minst som et høgdepunkt denne veka: konsert med orkesteret, rett og slett stor stas! Blei visst ein del punkt på lista også denne sundagen:

✦ å endeleg ha vanlege opningstider for publikum, herleg å sleppe bookingsystemet
✦ boka Any Way the Wind Blows avslutta Simon Snow-trilogien på ein super måte
✦ kven kan jobbe når eit sjarmtroll som Coco ønskjer merksemd?!
✦ dynefrukost sundagsmorgon
✦ sykle forbi køen langs motorvegen
✦ glimt av Lake District, ein plass eg håper å kunne besøke ein gong
✦ Herbee og Audree i denne bileteserien, akkurat det ein treng ein grå haustdag
✦ svømme og dykke i bassenget då me hadde eigentrening
✦ å, denne søte, lille minigrisen som lagar dei skjønnaste lydane
✦ sjekk ut fargane og sjølve garnet som kjem til å bli ein genser til mannen min
✦ min grøne Shine Short Sleeve med vakker perlestrikk på erma
✦ "Top 10 Taskmaster Fails" – fordi Taskmaster er eit av dei aller kulaste programma
✦ ny sesong av både Eventyrlig oppussing og Kongen befaler 
✦ ei stund sidan sist, men veldig kjekt å sjå ein ny vlog frå Jonna
✦ kastanjar og haustlauv ute ein dag etter regnet
✦ fine og gode Ida, denne bloggen er alltid så fin, berre sjå her og her 
✦ konsert med orkesteret etter nesten eit heilt år sidan førre gong
✦ og når me snakkar om Gershwin, musikk og dans: her er ti kjekke dansescener med Gene Kelly
✦ laurdagstaco og den herlege, litt skjønne, såre og morsame filmen Kinky Boots
✦ Woolerton Old Hall Garden ser nydeleg ut (sjekk forresten ut resten av IG-kontoen til Ramona)
✦ haustfargane som verkeleg har poppa fram rundt omkring
✦ støtte Sheldrick Wildlife Trust med å adoptere søte Esoit
✦ Autoboyography, ei fin YA-bok om det å bli forelska, om skeiv kjærleik og om skriving

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Esoit er jo en fin fyr da og dansinga til Gene Kelly er heller ikke borte :-)

Silje sa...

Kunne godt sett meir av stepping i dagens filmar ;) Esoit og alle dei andre elefantane ved Sheldrick Wildlife Trust er skjønne og sjarmerande!

Ida sa...

Ååååå, har dere adoptert en liten elefantbaby ♥ Så hjertevarmt og fint. Og for en god idé. Det fikk jeg også lyst å gjøre. Og Esoit er jo bare helt nydelig skjønn! Og takk kjære du for så fine ord og for at du deler. Du er så god! Jeg fikk umiddelbart lyst å gi deg en stor klem ♥ Ellers er lista som vanlig kjempefin. Og fra ett b-menneske til ett annet: Jeg føler SÅ med deg ;)

Silje sa...

Elefantar er nokre heilt fantastiske dyr, og det er stas å kunne vere med og støtte den jobben dei gjer ved Sheldrick Wildlife Trust ♥ Sjølv om eg ikkje alltid er så god på å kommentere på innlegga dine, les eg dei alle som ein og eg synest dei fortener ein plass på sundagslistene mine ;) Du er ein nydeleg bloggkollega! ♥

Legg igjen ein fin tanke