På denne adressen ligg altså
Deichman Bjørvika, det nye hovudbiblioteket i Oslo som offisielt blei opna juni i fjor. For det fyrste synest eg det er koseleg at adressa er kalla opp etter Vestly, ein av mine favorittforfattarar frå barndommen. Og for det andre, av det lille eg såg då eg stakk innom for ein månad sidan, må eg seie at dette er eit bibliotek for alle. Til all slags mogleg bruk. Mingleplass i fyrste etasje, studieplassar lengre opp, moderne lytteplass med visuell og fargerik skjerm å slappe av med og flygande bøker i taket (kanskje me skal byrje med det her heime også). Eit moderne bibliotek som i mine auge rommar det eit bibliotek skal vere, både her og no og om femti år.
Legg igjen ein fin tanke