✦ å endeleg ha vanlege opningstider for publikum, herleg å sleppe bookingsystemet
✦ boka Any Way the Wind Blows avslutta Simon Snow-trilogien på ein super måte
✦ kven kan jobbe når eit sjarmtroll som Coco ønskjer merksemd?!
✦ dynefrukost sundagsmorgon
✦ lyse morgonar, tåke og blomar i juni inne hos Niina,
✦ sykle forbi køen langs motorvegen
✦ glimt av Lake District, ein plass eg håper å kunne besøke ein gong
✦ Herbee og Audree i denne bileteserien, akkurat det ein treng ein grå haustdag
✦ svømme og dykke i bassenget då me hadde eigentrening
✦ å, denne søte, lille minigrisen som lagar dei skjønnaste lydane
✦ sjekk ut fargane og sjølve garnet som kjem til å bli ein genser til mannen min
✦ min grøne Shine Short Sleeve med vakker perlestrikk på erma
✦ "Top 10 Taskmaster Fails" – fordi Taskmaster er eit av dei aller kulaste programma
✦ ny sesong av både Eventyrlig oppussing og Kongen befaler
✦ ei stund sidan sist, men veldig kjekt å sjå ein ny vlog frå Jonna
✦ kastanjar og haustlauv ute ein dag etter regnet
✦ konsert med orkesteret etter nesten eit heilt år sidan førre gong
✦ og når me snakkar om Gershwin, musikk og dans: her er ti kjekke dansescener med Gene Kelly
✦ laurdagstaco og den herlege, litt skjønne, såre og morsame filmen Kinky Boots
✦ haustfargane som verkeleg har poppa fram rundt omkring
✦ støtte Sheldrick Wildlife Trust med å adoptere søte Esoit
✦ Autoboyography, ei fin YA-bok om det å bli forelska, om skeiv kjærleik og om skriving
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Esoit er jo en fin fyr da og dansinga til Gene Kelly er heller ikke borte :-)
Kunne godt sett meir av stepping i dagens filmar ;) Esoit og alle dei andre elefantane ved Sheldrick Wildlife Trust er skjønne og sjarmerande!
Ååååå, har dere adoptert en liten elefantbaby ♥ Så hjertevarmt og fint. Og for en god idé. Det fikk jeg også lyst å gjøre. Og Esoit er jo bare helt nydelig skjønn! Og takk kjære du for så fine ord og for at du deler. Du er så god! Jeg fikk umiddelbart lyst å gi deg en stor klem ♥ Ellers er lista som vanlig kjempefin. Og fra ett b-menneske til ett annet: Jeg føler SÅ med deg ;)
Elefantar er nokre heilt fantastiske dyr, og det er stas å kunne vere med og støtte den jobben dei gjer ved Sheldrick Wildlife Trust ♥ Sjølv om eg ikkje alltid er så god på å kommentere på innlegga dine, les eg dei alle som ein og eg synest dei fortener ein plass på sundagslistene mine ;) Du er ein nydeleg bloggkollega! ♥
Legg igjen ein fin tanke