6. okt. 2021

Eit par skritt frå heimen vår 🍂


Om ikkje anna, er hausten ei fargerik årstid. For hausten kjem med mange lange, mørke og tunge dagar, det skal eg ærleg innrømme. Men alle dei raude, gule, brune, grøne og oransje fargane ute, kan lyse opp ein elles grå dag. Smilet kjem fram i andletet, energien stig eit par hakk.

 

Vinden som får blada til å rasle. Ikkje sur vind, men ein liten bris. Sola som skin og får alt til å lyse opp endå meir. Det gylne haustlyset. Alt dette ved ei av naboblokkene. Eit par skritt frå heimen vår.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Naturen sin egen kunst ♥ Og det trengs midt i alt det gråe og mørke. Her gleder vi oss til snøen kommer for vinden har blåst bort det meste av løvet nå.

Silje sa...

Litt tidleg med snøen, håper den ventar litt før den kjem her hos oss i sør ;) Koser meg enn så lenge med å beundre alle dei klare og sterke fargane ute ♥

Legg igjen ein fin tanke