4. juni 2021

Svaner, sauar og ein nisse i skogen





Hålandsvatnet og området rundt, 30. mai 2021. Bryllaupsdagen vår. Broremann var også med oss, og me starta turen med å sykle bort til vatnet, ein sykkeltur på dryge seks kilometer. Sola hadde ikkje heilt titta fram enno, men i løpet av turen rundt vatnet dukka den opp. Lyset gjennom trea laga skuggespel på stien. Eit svanepar hadde fått to små svaneungar, dei var ikkje lette å få auge på, men sjå så innmari søte! Noko slitt, likevel var den blå fargen på båten heilt etter min smak. 

 




Lamma byrjar å bli store allereie, men som det heiter: "sauer er ålreite dyr". Tihi! I eit juletrefelt fekk me så vidt auge på sauane med slike svarte, søte felt rundt auga. Lurer på om det er sauar av typen olde english babydoll sheep. Dei er liksom litt ekstra søte :) Juletrefeltet er veldig synleg med denne store nissen som står og peikar mot trea. Kanskje me skal finne og merke eit tre allereie no?!







Dandelion. Eller løvetann, alltid like fascinerande å plukke ein og blåse slik at frøa fyk av garde. Etter kvart fann me ein fin plass å raste. Åt grove vaflar og drakk god termoskaffi, tok ein liten selfie av godgjengen og sat ei stund og berre naut sola i andletet, kaffi i koppen og blikkstille vatn.

Legg igjen ein fin tanke