11. juni 2021

Status frå stova


Fredag og juni. Ein fredag i juni, fredagsjuni. Eg har langhelg. Kjenner det er rart å ikkje gjere noko særskilt; åtte dagar på jobb med publikumskontakt er full rulle, og plutseleg er det stille. Me har enno ikkje byrja å vere sosiale på "vanleg nivå" trass ikkje fullt så strenge restriksjonar. Tar det litt etter litt. Akkurat no prøver eg å senke skuldrene. Starta morgonen med ei bok og litt strikking, skal om ikkje altfor lenge gå i gong med korrekturlesing av ei masteroppgåve som ei veninne av meg har skrive. I bakgrunnen høyrer eg på klassisk musikk. Vêret har byrja å lette – det regna og var ganske grått då me vakna i dag. Resten av helga blir som den blir, sikkert med strikketøy og bok i fanget.

Legg igjen ein fin tanke