24. juni 2021

Heddas ute på Hundvåg






Viss du er på Hundvåg ei helg, må du ta deg tid til å stikke innom Heddas gård. Ein god ven av meg (og tidlegare kollega) har nyleg starta opp ein liten kafé med gardsutsal ved den gamle låven der han og kjærasten bur. Kaffi, kaker og kanelbollar, egg frå eigne høner, agurk- og tomatplanter, blomar og anna tilbehør til hagen din er noko av det du finn her. Me sette oss ned for litt prat og ein kaffitår, og før me drog heim, kjøpte me med oss egg og ein liten bambus. Og nei, dette er ikkje reklame, berre eit lite blogginnlegg fordi eg synest dette er verdt eit besøk om du er i området. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

hans eike sa...

Tusentakk for fine ord, utrolig kjekt når me ser dykk der :D

Silje sa...

Litt treig på å svare, men berre hyggeleg! Det er verkeleg fint der ute, og ein må jo kunne skryte og tipse litt om slike flotte plassar! :D

Legg igjen ein fin tanke