19. mars 2014

Til Lillesand i el-bil

Nesten kvar gong familien min og eg køyrde til Austlandet då broren min og eg var små, stoppa me i Lillesand og overnatta på Gryten Motell. Då kjærasten min skulle til ein skule i Lillesand i dag og fekk låne universitetet sin el-bil, blei eg lett med ut på tur (og som du kan sjå på det fyrste biletet, dukka Kardemomme by opp på kartet medan med køyrde mot Lillesand). Motellet finst ikkje lenger, så det blei ikkje noko gjensyn med akkurat det. Men det å berre gå rundt i gatene, sjå på kvite sørlandshus, titte innom mange butikkar med både små og store duppedittar, ta ein kaffi med noko attåt og og lese i ei krimbok på kafé er ordentleg fint. Kjekt å sjå butikknanm med "blaude" konsonantar ;) Til slutt besøkte eg NMS Gjenbruk, og der eg fann fine bileterammer, ein film, den herlege boka Kabalmysteriet av Jostein Gaarder og ei fin, lita veske eg kan ha til ein fin kjole :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Åh ja :) Gode minner fra Lillesand ja :)

Silje sa...

Kjekt å sjå den byen igjen, ganske lenge sidan sist :) Litt mykje vind var det, men likevel herleg å berre gå rundt og kikke :)

Legg igjen ein fin tanke